top of page
  • Facebook
Ulike tillagingsmåtar
Wiki 1280px-Charcoal_pile_05.jpg
Historisk Kolmile

Dette er den historiske måten å lage trekol på, som alle kjenner til. Ei mile er resultatet av månader med arbeid; nøye stabla ‘’fyringsved’’ som blir dekka med eit jordlag for å skape oksygenfri forhold. Sjølve pyrolysen kunne ta frå 30 timar til fleire dagar.Samanlikna med moderne produksjonsmetodar var dette svært lite effektivt; frå 8 til 18% kol. Siktemålet med denne metoden var heller ikkje jordforbetring, men kol til smie og smelteverk

Med denne metoden har du heller ikkje kontroll på temperaturen, eller resterande tjærestoff. Dette var ikkje til hinder for bruksområdet, då tjæra kunne bidra med ekstra varme. Desse tjærestoffa er PAH - Poly Aromatiske Hydrokarboner, som vi ikkje ønskjer å tilføre matjorda.

Om ikkje dette er god nok grunn, så skriv Johan Falkberget om korleis dei brukte smågutar til å springe oppå mila for å tette høla. Han fortel om at det hende at dei fall gjennom torvlaget, med tragisk utgang. Det er godt at vi har betre metodar for kolbrenning i dag!

Nok ein historisk framstillingsmåte

Dette har strengt talt ikkje noko med biokol å gjera, men vi har fått førespurnad frå kursdeltakarar om nettopp slike omnar. Denne teknologien er frå ei heilt anna tid. På biletet ser du ei kolmile som du finn kring på bygdene. Dei var i si tid brukt til å framstille kol til smijarnsarbeid. Frå røyken ser vi at det er ikkje kontroll på korkje utslepp eller  resultat. Tvert imot kan tjærestoffa vere til nytte for å lage varme til smi-arbeidet.

Courtesy of the Washington State Department of Ecology.jpg
Alternative småskala pyrolyse
2018 Flistønne.jpg
TLUD - Top Lit Up Draft

Dette er ein enkel metode som eignar seg til småe hagar o.l. Vi har brukt denne til å vise korleis du kan brenne på kurs, då det er enkelt å handtere

 

Metoden som kan passe til hageformat. Ved å fylle ei tønne med flis av nokså homogen storleik, kan du på relativt kort tid lage ein porsjon som er passe stor til hagebruk. Føresetnaden er at du har tilgang til ferdig tørka treflis.

 

Metoden er lite eigna til oppskalering for næringsdrivande

Retort

Mest kjend er Exeter Retort som blir produsert av Carbon Compost Company i Storbritannia. Dette er kvalitetsanlegg som produserer trekol. Dei er ikkje konstruert med tanke på å møte krava til biokol.

Uansett krev denne metoden at det blir bruk fyringsved som utgangspunkt.

4-3 Exeter retort 147 pluss mva.jpg
4-4  Levert i Sv - 195 pluss mva.jpg

Felles for desse ulike metodane er at dei er BATCH, med andre ord at når ein først har tent på, lyt pyrolyseprosessen gå heilt til han er ferdig.

Vanlegaste spørsmål: VARME

Utan unntak er det første spørsmålet vi får er: korleis kan vi ta vare på varmen?

Dette er tydelegvis den største synd ein kan gjera i vinterlandet Norge. Paradokset er at reint avfallsvirke som ligg til rotning, får ein enorm varme-verdi så snart det blir sett ein fyrstikk til det.

Varmekostnad kontra flisfyring

Her er det viktig å skilje mellom kva som er målet: varme eller biokol?

For å ta varmen frå pyrolysen må ein bruke høg-teknologiske anlegg, med kolossal auke i investerings kostnadene.

 

I samband med lansering av det kommunale anlegget i Sandnes i 2019 hadde eg ein samtale med direktøren i BioMaCon; Ulrich Suer. Eg spurde etter eit gardsanlegg på 60 til 80 kW, då det er enorm etterspurnad etter det. Den gongen estimerte han at eit slikt anlegg til å koste 8-900 000 kr. Eit tilsvarande flisfyringsanlegg på 250 kW kostar kring kr.390 000. Skillet er på nær ein halv million kroner, - du får kjøpt mykje biokol for dei pengane.

Høgteknologiske anlegg
BioMaCon.jpg
BioMaCon

Den tyske produsenten BioMaCon er ein av dei store, som har lang utprøving på anlegg kring heile Europa. Både Sandnes kommune og OBIO (tidlegare Oplandske Bioenergi) - har vald pyrolyseanlegg frå BioMaCon.  

 

Anlegget til Sandnes kommune er på 200 kW, og kosta kring 2,2 mill. kroner, medan anlegget hjå OBIO er på 500kW og kosta kring 4,5 millionar kr.

 

Desse prisane er for sjølve pyrolyseanlegget; infrastrukturen kring pyrolysen er mange gonger dette beløpet. For OBIO sin del medførte kostnadene til bygningsmasse, flislager, tørkeapparat, pakkeri m.m. at sluttsummen kom på 22,5 mill. kr.  

 

OBIO sitt anlegg ligg vegg i veg med Nortura-slakteriet på Rudshøgda, så inntektene frå sal av varme til slakteriet har vore ein bærande del av økonomien i oppstartsfasen. Varme er viktig salgsvare for OBIO i tillegg til karbonkreditt.

Gardsanlegg 160 kW

BioMaCon har no lansert eit gardsanlegg på 160 kW. Denne er om lag så stor som ein 20-fot container: 5,1 meter lang, og veg 9,3 tonn.Vi kjenner ikkje til prisen, men storeleiken er å samanlikne med anlegget til Sandnes kommune. Ein kan trygt gå utifrå at prisen står i forhold.

Biomacon C160-F-1.jpg
Pyreg

Pyreg er ein annan tysk produsent av store industrielle anlegg som er kjend for å lage svært gode anlegg.

Stockholm kommune valde Pyreg til sin produksjon, og har hatt gode erfaringar med det. Ved oppstart kom anlegget på 11 millionar kroner.

Desse erfaringane gjer at Stockholm Stad no skal investere i nye anlegg og mangedoble sin produksjon av biokol.

Courtesy of Pyreg GmbH Downloaded from The Biochar Journal.jpg
Standard Bio

har base i Bø i Telemark, og halde på ei årrekkje. Dei har enno ikkje levert anlegg i Norge, men dei har nettopp levert eit anlegg til Spania hjå Carbón Emergente.

 

Standard Bio har 20% eigarskap i dette selskapet

Standard.jpg
Andre høg-tek løysingar i Norge:
ØRAS.jpg
ØRAS -Øvre Romerike Avfallsselskap

Produserer høgkvalitets biokol med ein granulering på 6 til 8 mm - som passar perfekt til hagar og kompostering.

Pyrolyseomnen deira var innkjøpt frå Kina. Totalkostnader er opplyst til å koma på ca.15 mil.kr, men dei måtte gjere ei rekkje kostbare erfaringar.

 

Når omnsprodusenten er på andre sida av jorda, blir gode råd dyre. Standard Bio har vore aktive i å hjelpe til med reperasjonar og problemløysing for ØRAS.

Skjærgaarden Gartneri

​Her satsa dei i første omgang på ein omn som var importert frå Australia. Som med alle andre høgteknologiske løysingar var det barnesjukdomar. Også her gjorde dei ei rekkje kostbare erfaringar.

Det blir fort problemfylt når produsenten er langt unnå, og med heilt andre klimatiske forhold.

I dag brukar ikkje Skjærgaarden Gartneri denne pyrolyseomnen lenger.

Dei lagar framleis biokol, no med eit Kon-Tiki liknande prinsipp.

Skjærgården Gartneri.jpg
Erfaringar kring teknologiske produksjonsmetodar

Alle som vi har prata med som har høg-teknologiske produksjonsanlegg fortel om til dels omfattande utfordingar ved innkjøring og drift av desse. Ved investering i høgteknologiske anlegg må du også ta dette med i kalkylen. Du bør også ha ein svært solid buffer i bakhand.

Ein av produsentane sa at: « Vi har ødelagt mye dyrt utstyr, så vi har lært å være forsiktige»

Vårt val: låg tech
2018-10-25 14.46.00.jpg
Målet vårt

Nettopp dei enorme kostnadene og store usikkerheitsfaktorar som er konsekvensen av teknologisk produksjonsmetodar gjer at vi har valt å gå motsett veg; ein enkel og rimeleg produksjon av biokol.

 

Til samanlikning med teknologiske løysingar er Kon-Tiki ein arbeidssparande prosess, der du med enkle grep kan utnytte skrapvirke. Med Kon-Tiki unngår du ekstrakostnaden med mange arbeidstimar og store mengder diesel går med til å produsere høgkvalitets flis, som deretter lyt tørkast og lagrast.

Ikkje Batch

Dei aller fleste metodane lagar biokol som «batch» - med andre ord når prosessen først er sett i gang, MÅ du vente til heile prosessen er ferdig.

 

Med Kon-Tiki kan du avslutte prosessen når du ønskjer;

  • når brennvirke tek slutt

  • arbeidsdagen er over?

  • Lunsj? Middag? Fjøsstell?

 

Dette gjer også Kon-Tiki til ein unik og fleksibel måte å lage biokol på.

2020-09-21 Result of test burn.jpg

Kon-Tiki er enkel i sin konstruksjon, men er fortsatt teknologi.

Kon-Tiki møter dei kvalitetskrava som blir stilte til biokol

 

Innhaldet av sluttresultatet - inkl. tjærestoff -vart testa ved SJHS av EUROFINS med eineståande resultat.

God Jord har i tillegg fått SINTEF test til å teste utslepp under forbrenninga, med mål om konseptgodkjenning

© 2025 by God Jord AS. All rights reserved.

bottom of page