

Jordforbetring
Verdiauke
Målbart karbonrekneskap
Kvifor bruke Kon-Tiki for å lage biokol?
Fordelar med å lage biokol sjølv med Kon-Tiki
-
gjer avfallsprodukt om til svart gull
-
kan lage store mengder til rimeleg pris
-
rasjonell og tidssparande måte å lage biokol på
Fordelar med målbar karbonrekneskap, dokumentasjon
-
Enormt potensiale til karbonfangst
-
Lett å dokumentere produksjon og mengde
Utløyser tilskot ved eigenproduksjon i landbruket
-
somme fylke løyver no tilskott til produksjon og bruk av biokol som vil kunne betale investeringa i seg sjølv!
Fordelar med biokol som jordforbetring
-
aukar både mikrolivet og karboninnhaldet i jorda
-
betrar jordstrukturen
-
verkar som vasslager ved tørke, og gir luft når det er vått
Ny og betre Kon-Tiki frå God Jord!
God Jord har i ei årrekke importert høgkvalitets pyrolyseomnar frå Tyskland og Sveits.
​
Erfaringane med desse omnane har gitt oss stor innsikt i ulike tekniske løysingar.
​
Dette er utgangspunktet for at vi har utvikla vår eigen modell med endå høgare kvalitet.

Endringar på våre nye omnar
Rustfritt spesialstålI
tidlegare modellar er det brukt kjelestål i brannkjelen. Kombinasjonen karbonstål + varme + vatn har medført alvorlege rustproblem. Difor har vi valgt å bruke ein spesiell rustfri legering som toler pyrolysevarmen i våre nye modellar.
​
Endra geometri
Kon-Tiki er meir enn berre eit merkenamn, men ein teknologi som er resultat av lang utprøving. Mange hevdar å bruke ‘’Kon-Tiki’’ utan å vite kva konseptet bygger på. For å oppnå optimal pyrolyse har vi endra geometrien samråd med oppfinnaren.
​
Ny utforming av varmeskjoldet
Varmeskjoldet er essensielt i å skape oppdrift til pyrolysen. Dette skjoldet er laga av tynnare gods, som dermed blir lett utsett for skade. Vi har laga ei ny utforming som beskyttar varmeskjoldet.
​
Ny utforming av pyrolyseluftinntaket
Vi har endra luftinntaket til pyrolyseprosessen for å styre lufta direkte inn mot flammeteppet. Dette vil auke forbrenninga av pyrolysegassane.
​
Større utløp av sløkkjevatnet
Tømming av sløkkevatnet har vært ein flaskehals ved avslutting. Vi har laga eit stort basseng ved utløpet for å hindre tetting ved tømming.
​
Godkjenning av karbonfangst
Vi har over lengre tid arbeida med å få godkjent Kon-Tiki som karbonfangstmetode. Dette er ein stor og kostnadskrevjande prosess, men vi nærmar oss målet!
Vi er no
produksjonsklare med
2 nye modellar
Kon-Tiki:
ASK - Den store modellen til større verksemder og profesjonelle brukarar
EMBLA - vår minste modell Kon-Tiki som møter behova til små- og mellomstore brukarar
ASK
2,5 m3 Kon-Tiki modellen er storebror, og den største modellen vår.
Denne er perfekt for landbruk, gartneri og andre som treng store volum.
Transportvenleg - Sjølv vår største modell kan du frakte med traktor og dermed kan du enkelt utføre arbeidet det det passar
​
Felleseige fleire kan dele eigarskap og bruk
Treng ingen fast stasjonering eller eigen bygningsmasse
Straum- ikkje krav til straumforsyning
​
Hydraulisk tipp - Enkel å kople til hydraulikkuttaket på traktoren for lettvinn og rask tømming
Mating med frontlastar
- tids- og arbeidssparande. Med den store kan du produsere 5 gonger meir med same tidsbruk og mindre arbeidsinnsats.

2,5m3 Kon-Tiki
Tekniske Data
Høgd 1910 mm
Tverrsnitt: 2295 mm
Vekt: 1150kg
Brennetid: 3.5-5 timar
Brennkammer: 6 mm rustfritt spesialstål
Understell: Karbonstål
Tippefunksjon for tømming av ferdig biokol
Løftehol for gaffeltruck
​
Innhald
Maksimalt: 2500 liter
Utbytte: ca. 2000-2200 liter
Hydraulisk tippefunksjon for tømming

Introduksjonspris
kr.199 000 + mva (kr.248 750)
​
* dei siste åra har prisane på både stål og arbeid auka svært mykje.
Situasjonen er enno svært usikker framover.
Prisgarantien gjeld berre for introduksjonsperioden
Omtale frå Sogn Jord- og hagebrukskule -SJHS
Vi har prøvd ut begge omnane i eit forsøk.
Vår meining er at med det potensialet biokol har, bør det jobbast aktivt vidare med bruk og produksjon av biokol på gardsskala
- Gunnar Rosten

EMBLA
Vår veslesyster som møter behova til små- og mellomstore brukarar.
Tekniske Data
Høgd 1430 mm
Tverrsnitt: 1250 mm
Vekt: 160kg
Brennetid: 2,5-4 timar
Brennkammer: 4 mm rustfritt spesialstål
Understell: Karbonstål
Tippefunksjon for tømming av ferdig biokol
Løftehol for gaffeltruck
Innhald
Maksimalt: 300 liter
Utbytte: Ca. 200-280 liter
Det ferdige kolet blir tippa ut or fyrkjelen

Introduksjonspris
kr.79 000 + mva (kr.98 750)
​
* dei siste åra har prisane på både stål og arbeid auka svært mykje.
Situasjonen er enno svært usikker framover.
Prisgarantien gjeld berre for introduksjonsperioden
Omtale av EMBLA

Heimebrenning på høgt nivå
Til og med lovlig
- Harald Lund

Me har brukt Kon-Tiki’en vår fleire gonger for året og gjort om greiner og pas til fin biokol. På ca. 2,5 timar pleier me vera ferdige, og siste bruksområdet er eit langt hügelkulturbed som med biokolet vil halda svært lenge.
- Guttorm Flatabø
Korleis funger Kon-Tiki prinsippet?
Å lage trekol er inga ny oppfinning, men krev meir omtanke å lage høgkvalitetsbiokol. Dei gamle måtane å lage trekol på er både ineffektive, arbeidsame, forureinande og gir ujamn kvalitet. Ei typisk kolmile lagar frå 8 til18 % trekol, medan med nyare metodar kan oppnå 30% eller meir som resultat.
​
Kon-Tiki-patentet er utvikla av Hans-Petter Schmidt ved ITHAKA-instituttet i Sveits. ITHAKA- instituttet er ansvarleg for det Europeiske biokolsertifikatet EBC. Namnet Kon-Tiki er til ære for Thor Heyerdal. På same måte som at han fann teknologiar frå attgløymde sivilisasjonar, er bruken av biokol ei nyoppdaging av gløymd kunnskap.

Teknologien
Teknologien kan i si enklaste form bli oppsummert slik: Sideveggane i pyrolyseomnen har ei helling på 63,5 grader. Dette gjer at flammearealet er større enn den underliggande tremassen. Strålevarmen frå forbrenninga syter for ei karbonisering av treverket som ligg under.
​
Vanleg stål kan ta skade av temperaturen ved biokolbrenning. Kjelestål er også problematisk; når du blandar varme + vatn + karbonstål, oppstår det store rustproblem. Difor har vi laga brannkjelen på dei nye Kon-Tiki-omnane i varmebestandig rustfri kjelestål av høg kvalitet.
​

Utanpå brannkammeret er det i tillegg eit rustfritt varmeskjold. Dette gir auka tryggleik ved at ytterflata ikkje overstig 60°C.
Ein vel så viktig faktor er at dette skjoldet skapar ei oppdrift av varmluft, som fører til ei fullstendig etterbrenning av gassane i flammene. Dette aukar temperaturen, og medfører raskare karbonisering av det underliggande treverket.
Det er nettopp denne etterbrenninga som er nøkkelen bak Kon-Tiki-patentet.
På same måte som i ein moderne ved-omn, så blir avgassane etterbrent, og aukar varmen. Slik blir pyrolysen skapt. På våre modellar har God Jord laga ei ny innmating av luft til etterbrenning som forsterkar denne effekten.
Sløkking
Det er mest gunstig å sløkkje frå botnen.
-
Når vi sløkkjer får vi ei vulkanisering av biokolet.
-
Det får biokolet til å ekspandere og molekyla bind seg saman og dannar millionvis av små hol og gangar.
-
Desse er holrom for mikroliv, næring, luft og vassreservar
-
Ved å sløkkje frå botnen syter vi for ein god prosess så å seie utan røykutvikling og gassar. Utløpsvatnet har ein høg pH og inneheld alle minerala i oska. Dermed er sløkkevatnet ein ressurs som kan bli nytta til vatning.
-
Vi har laga eit avrenningskammer med eit godt utløp for å hindre tetting.
Kva slag virke kan du nytte?
Kon-Tiki er ein ypparleg måte å gjera «rask og brask» om til ein svært nyttig ressurs. Andre metodar gjer anten krav på kvalitets- virke som har sin eigen salsverdi, eller treflis som krev mykje handtering og arbeidsinnsats.
Du treng ikkje stå i dagevis og produsere passe store fliser med fliskuttar og deretter tørke og oppbevare flisa for å lage biokol. Slik sparar du både diselutgifter og tid.
Den som har brent bål med skogsvirke har erfart at når først grunnvarmen er til stades, så kan du berre kaste innpå alt som måtte vere. Sjølvsagt er det grenser, den som har prøvd å brenne grove trestammer, veit at dei kan brenne i dagevis.
​
​På same måte er det nesten uråd å brenne ein haug med kompakt, rå treflis. Med Kon-Tiki kan du kaste innpå små mengder rå flis om gongen, men du må passe på at du ikkje kveler varmen. Dette er eit handverk som du må lære.

Økonomi

Prisen for høgteknologiske løysingar er ofte mange millionar - om ikkje fleire ti-tals millionar i investeringskostnader.
​
Til samanlikning blir investeringa ved kjøp av Kon-Tiki berre 1 til 2 % av denne summen.
​
Eit ekstra pluss er minska arbeid til handtering, flislaging, turking og lagring.
Kon-Tiki’en er mobil, dukan ta han med ut i felten.Dermed blir arbeidet gjort i ei snøggvending.
Det er heller ingen driftskostnader til diesel, straum eller anna!

Romslo Mekaniske A/S
held til i Ryfoss i Vang i Valdres, og driv i hovudsak med konstruksjonar og sveising.
Romslo Mekaniske er spesialistar på rustfri sveising, og er ein fantastisk samarbeidspartnar for God Jord. Dei har vore aktive i heile utviklingsprosjektet av dei nye Kon-Tiki-omnane



Romslo Mekaniske er godkjent lærebedrift i sveisefaget, og utførar eksaminering av sveisarar ved sine lokalitetar eller hjå kunden.
​
Sertifisering av sveisarar og maskinstillarar
-
Eksaminering for sveisesertifisering
-
Sveiseinspeksjon (IWI-S)
-
Oppsveising på lokasjon eller hjå kunde
-
Partner med KIWA AS
​
​​

-
CNC plasmaskjæring
-
Lasergravering
-
Fresing
-
Dreiing
-
Knekking
-
Øvrig stålarbeid