


Vi har eit lite småbruk på 16 mål, som ligg 650 m o h. Plassen vår ligg tett oppunder Jotunheimens tindar, i ei nordhelling med klimasone 8
Draumen om ei betre verd
Å endre verda i små steg
I 1972, ved ei turisthytte langt inne i Jotunheimen kom 3 fotturistar vandrande. Det var ekteparet Donna & Denis Meadows saman med den norske professoren Jørgen Randers. Dei hadde nettopp gjeve ut ei bok: ‘’Limits to Growth’’ som skapte stor oppstand og sparka i gang miljørørsler kring heile verda. Eg var 15 år gamal, og trass min unge alder, tok dei seg tid til å forklare kva konsekvensane av vårt elleville forbruk ville bli. Soleis kan eg trygt seie at eg vart miljøskada allereie i ung alder.
Sjølv om eg ikkje er gutunge lenger, så blir eg aldri kvitt kjensla av maktesløyse. Å resirkulere plastposar og gje stemma si kvart fjerde år demmer ikkje opp mot den rivande utviklinga som føregår over heile verda. Difor har fokuset vårt gradvis blitt retta mot: kva vi sjølve kan gjere. Vi treng ikkje vente på ei månelanding. Har du fyrstikk kan du sjølv begynne med karbonfangst i dag.
Som bonus får du ein fantastisk grøderikdom i di eiga dyrking.
Då vi begynte med biokol åpna det seg eit univers med jord, mikroorganismar og mestring.
Vår drivkraft er å dele desse erfaringane med andre.
Dei sa til oss at: ‘’Dere forsøker å lage en perfekt verden - det kan dere bare glømme.’’
Vi har ikkje tenkt å gje oss enno.
Vårt verdiløfte
Levande jord
Mangfaldig mikroliv gir betre jordhelse og avlingar. Vi meiner at biokol er nøkkelen til framtida.
Karbonfangst
Du kan sjølv bidra mot klimaendringar.
Biokol er både jordforbetrar og karbonfangst på same tid. Råvarene har du sjølv.
Lønsemd
Eige organisk avfall blir til kortreist gull for jorda di. Vi gir deg eit rimeleg alternativ til å kjøpe biokol
Demokratisering
Vi vil at alle skal kunne vera med i å bidra.
Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere noko
Kor har vi fått vår kunnskap frå?
Vi gjorde våre første forsøk med biokol i 2007. Då erfaring er summen av alle dei feil som ein har gjort, så har vi opparbeida mykje erfaring. Det var ingen annan måte å lære på, for det var lite forsking om temaet den første tida. Vi vart etter kvart trygge nok til å halde kurs.
​
Ein gong var det ei som ikkje hadde lyst til å betale kr.600 i kursavgift, så ho spurte: ‘’ - Jeg er såpass intelligent, at dersom dere forteller hvor dere har fått kunnskapen fra, så skal jeg finne ut av det selv’’. Om det berre var så enkelt.
​​
​Det som vi presenterer her er resultatet av mange, mange års leiting og lesing. Denne nettsida er som eit stikkordsregister - kvar setning kan bygge på - og føre til - lange avhandlingar.
​
Her har du eit utgangspunkt for at du kan leite vidare på eige hand!

Vi er Olav og Knut Arne
‘’De sa at vi er gærne, men vi er glade for at vi ikke hørte på’’
Den vrange vegen
Vegen fram til i dag har ikkje vore enkel, for vi har erfart at systemet ikkje er laga for småfolk. Heilt frå starten ville vi gjerne produsere Kon-Tiki-omnar i Norge, men fekk til svar frå Innovasjon Norge at: ‘’Vi registrerer at dere driver med karbonfangst, men vi støtter ikke produksjon i Norge’’.
Difor importerte vi omnar frå både Tyskland og Sveits ei årrekkje. Ingen av desse landa er lågkostland. Vi vart då kjende med ulike tekniske løysingar, så erfaringane var likevel positive for oss. Med utgangspunkt i desse erfaringane kunne vi gjere forbetringar som til slutt enda opp i vår nye prototyp. Deretter fann vi ein norsk produsent: Morten Romslo ved Romslo Mekaniske, som trudde på produktet. Utan samarbeidet med han hadde vi aldri kome så langt.
Då vi ville gjennomføre testing av utstyret med tanke på konseptsertifisering, var det liknande svar å få. På telefon med Miljødepartementet vart vi skjelt ut, og fekk beskjed om at: ‘’vi driver ikke med rådgiving. Dersom dere har til hensikt å forurense, får dere selv lese forurensningsloven og forholde dere deretter»
Vi kan fastslå at det ikkje var noko støtte å få frå det offentlege byråkratiet.
Derimot skuldar vi stor takk til Sogn Jord- og hagebrukskule og Mære Landbrukskole for samarbeid og støtte med utprøving og testing av våre modellar.
I motgang finst løysingar
Interessa for miljø- og jordpleie er ikkje avgrensa av landegrenser.
Motgang nasjonalt har medført eit spennande internasjonalt samarbeid.
-
Sjølve Kon-Tiki prinsippet er utvikla av Hans Petter Schmidt ved ITHAKA-instituttet i Sveits. Vi har samrådd oss med han under utviklingsprosessen av våre nye modellar.
-
Design er utført av industridesignar Manuel Gurri Vidal frå Argentina.
-
Karbonutrekning og bistand med lobbyverksemd ovafor EU er med hjelp frå José Ángel Moreno Garrido som arbeider hjå Valora Consultores i Spania, eit firma som driv med karbonutrekning.
-
Sjølv om det ikkje er ynskjeleg med produksjon i Norge, har vi likevel vald å bruke ein lokal produsent.
-
Takk til alle dei gode menneskje som har støtta oss både moralsk og økonomisk gjennom desse åra.
Resultatet av all motstanden er at vi har oppnådd eit mykje betre resultat!
Konseptsertifisering frå EU
God Jord har no fokus på er å sertifisere sjølve konseptet innan European Biochar Certificate og har i fleire år vore i kontakt med EU for konseptsertifisering av Kon-Tiki.
Den 28 januar i år vart endeleg retningslinene vedteke av EBC.
Dette er svært viktig med tanke på at næringsdrivande skal kunne rekneskapsføre karbonfangsten.
God Jord har óg som siktemål å CE sertifisere våre Kon-Tiki-modellar i år.
Vegen vidare: Karbonrekneskap
Den store bøygen framover blir korleis karbonrekneskap kan bli gjort for småaktørar. I dag siktar alt regelverk på å møte behova til dei store aktørane med mange millionar i omsetjing. Dersom vi når fram med vår sertifisering, vil mykje være gjort. Likevel ligg utforming av sjølve regelverket langt utanfor vår kapasitet. Vi tek gjerne mot hjelp
​
Vår erfaring er at det er mange menneske som gjerne vil hjelpe oss finne løysingar.
Følg med oss vidare!
Vi har mykje meir å formidle; videoar, artiklar, og ikkje minst den vidare utviklinga med karbonsertifiseringa!
Skriv deg opp til å få varsel når vi har meir å fortelje!
Ingen er barn av i dag.
Du er barn av dei tusen år.
Djupt gjennom lag etter lag-
røtene går.
-Knut Hauge
Referanser




