top of page
  • Facebook
Økonomi
Mange faktorar / ulike driftsmåtar / ulik jord har ulike behov

Det er ingen enkle svar på økonomien ved bruk av biokol, men det er ein vurdering av mange ulike faktorar. Biokol er ei langsiktig investering best samanlikna med ein sparekonto. Bruken av kunstgjødsel vil då til samanlikning vera som ein driftskonto. Vi pleier å gje det rådet at - som ein sparekonto - du brukar så mykje som du synest du har råd til å spare.

Kor mykje biokol skal du bruke?

Her er det ingen fasit. Kva slag jord har du? Sand, leire, utarma eller i god hevd? Det fine at du kan bruke nett så mykje biokol du synest du har råd til. Det kan nesten ikkje bli for mykje. Testar viser at du kan ha inntil 70 % biokol i jorda før veksten blir hemma. Det er driftsforma di som avgjer om det vil vera best å kjøpe eller laga biokol sjølv.

Landbruk
Kyr på beite - Wiki.jpg

Ku

For gylle vil spreiingsmåten avgjere malingsgraden

Sau / geit

Du kan tilsetje biokol til talle og eventuelt spreie på open eng.

Dette vil redusere kravet til oppmaling av biokolet, då dyra vil sjølve tråkke sund kolet.

OBS - retningslinene for offentleg tilskott krev førebels at biokol MÅ moldast ned.

Dette er i konflikt med økologiske gardsdrift der ein ønskjer å unngå pløying.

Fjørfe

Det er best å tilsetje i fòret. Då lyt biokolen vera i form av sertifisert fòrkol.

Bruk av biokol i strøet vil medføre fargesmitte utanpå egga.

Gartnarar / Park / komposteringsanlegg / fruktdyrking
Hatanpää_Arboretum_2020 - Wiki.jpg

Felles for alle desse næringane er at tilsetjing i komposten vil vere den mest naturlege bruksmåten - som samtidig lader biokolet med næringsstoff. Her kan den einskilde avgjere malingsgraden.

For mange innan desse sektorane blir bortkjøring av greiner og bråte ein tilleggsutgift, så utnytting av avfallet kan vere endå eit pluss, i tillegg til karbonrekneskapen.

 

Sagbruk / Byggefirma

Hun-ved og avkapp frå sagbruk og byggeplassar kan bli eit verdifullt produkt med minimal innsats. Dette kan både gje ein ekstra salsinntekt for biokol, karbonkredittar og bli ført i eigen karbonrekneskap.Tidsbruk

 

Med eigenproduksjon kan du sjølv velje når det passar å brenne biokol. Med Kon-Tiki kan du i stor grad planlegge brenning utifrå arbeidsdagen. Dette er viktig med tanke på bedrifter med timelønna tilsette.

Kjøpe / Lage / Offentleg tilskott

Skal du kjøpe biokol eller lage det sjølv? Her er det fleire faktorar som spelar inn.Teknologiske løysingar stiller enorme kapitalkrav.

Til sjuande og sist er det mengdebehovet og driftsmåte / bruksmåte som avgjer kva som løner seg.

Tilgang på virke og tidsbruken er også avgjerande.

Kjøpe
Dyrefór

Bruk av biokol i dyrefòr har å gjera med dyrehelse å gjera, og IKKJE med jordstruktur.

Mengdene biokol blir i denne samanhengen mikroskopiske.

Biokol til arealspreiing
Mengde

I utgangspunktet er det ingen grenser for kor mykje du kan bruke, MEN det er økonomiske grenser - særleg ved kjøp av biokol

Einar Stuve ved OBIO råder 200 / 400 / 800 / kg pr. da.

Ifølgje Landbruksdirektoratet er gjennomsnittleg storleik på gardsbruk i Norge 255 da. Ved minste tilråding vil det koste nær 900 000 kr å kjøpe dette biokolet. Med maksimal tilrådd dosering vil det koste 3,5 million kr.

Det blir vanskeleg å få lønsemd med slike kostnader.

 

I neste avsnitt tek vi for oss offentlege tilskott.

Offentleg tilskott

På dette området er det ikkje felles tilskottsreglar for heile landet. I staden fins det reglar for tilskott i landbruket i nokre få fyker. Tilskotet gjeld pr. bruk, uansett om det gjeld ein kornåker ved Hamar, eller eit småbruk i ei fjellbygd.

I Innlandet og Trøndelag får gardsbruk etter søknad tilskott til 1000 kg biokol, medan Rogaland, Vestfold og Telemark får tilskott til 4000 kg.

Regelverk for RMP.jpg

For innlandet fylke gjeld det offentlege tilskottet for 1000 kg biokol

Rogaland og Telemark gir eit tilskot for 4000 kg biokol.

 

1000 kg tilsvarar 7,5m3 biokol, eller 5 storsekkar à 1,5 m3

Ved kjøp av 10 sekkar eller meir blir prisen kr.3400 pr. storsekk. (2024 prisar)

For 5 sekkar ville prisen bli kr.17 000, medan tilskotet er på kr.15 000 i Innlandet.

 

Tilskotet gjeld for inneverande avtaleperiode for landbruket, altså ut 2027. Det blir avgjort ved neste hovudforhandling for landbruket om tilskotsordninga skal bli utvida til fleire fylke og/eller bli forlenga til 2028.

Ut ifrå tilrådingane frå OBIO, vil 1000 kg rekke til 1,25 da. Dersom du brukar minste påføring vil det halde til 5 da.

Eit tilskot på kr 15 000 gjev difor lite insentiv til å kjøpe ferdiglaga biokol.

Dette kan i staden gje god motivasjon for eigenproduksjon?

Andre reknemåtar

Ingen treng å bruke ein Kon-Tiki kvar dag. Slik sett kan det vera greitt med delt eigarskap på ein Kon-Tiki’en. Han har i tillegg få mekaniserte deler som skapar problem ved bruk.

Dersom vi tek som døme at 5 bruk går saman om eigarskapet, vil desse bruka med dagens reglar kunne få offentleg tilskot på til saman 75 000 kr pr år. Då vil den største Kon-Tiki modellen kunne vera nedbetalt på mindre enn 3 år. I fylke med tilskott for 4000 kg vil Kon-Tiki’en vera nedbetalt alt første året. Det er ingen grenser for kor mykje biokol du kan bruke ved eigenproduksjon. Det er berre tilgangen til brennevirke som gir avgrensingar i så fall.

Krav til biokolet
Nasjonal veileder for regionale miljøtilskudd i Innlandet
Spredning av biokull.jpg
Dokumentasjon

Som det står i retningslinene skal føretaket dokumentere produksjonsstad, produksjonsmetode, opphavsmateriale

og mengde ved eigenproduksjon.

Kartfesting og kilo ved søknad om støtte.jpg

© 2025 by God Jord AS. All rights reserved.

bottom of page